Klatring på Kvam

10-13. september hadde vi klatreundervisning på Kvam, med tema "Innføring i klatring" der vi skulle jobbe med fokus fra inneklatring til uteklatring, og hvordan lage gode gelendertau.
I dette innlegget skal eg ta for meg viktigheiten i gode topptaufeste.
Her står alle godt sikra i eit gelendertau menst Gjert forklarer ein rapell.
Foto: Are Wergeland


Topptaufeste

Topptaufestet er svært viktig å gjere skikkelig då det er einaste sikringspunkt for ein topptauklatrer. Tronstad definerer det slik: «Topptaufeste er det festet tauet løper gjennom når ein topptauklatrer blir sikret frå bakken» (Tronstad, S. 2005, s. 105)Han skriv "det festet", då han kasnkje heller burde skrive "dei festepunkta". For topptaufestet skal være like sikkert som ein standplass. Tronstad (2005) skriv at man skal bruke minst to uavhengige.punkt/bolter som forankring. I forankringane kan man feste ei utlikningsslynge som samler draget på forankringane på eit punkt, slik at punkta vert belasta likt (Tronstad, S. 2005).

Nokre viktige punkt man må overhalde når man lagar eit topptaufeste er:- Forankringspunkta skal vere heilt sikre.- Det skal bestå av minst to uavhengige forankringar.- Forankringspunkta skal utliknast, slik at alle festa er likt og stabilt belasta. Dette er slik at om eit av festa ryk, vil ikkje det andre feste få noko form for rykkbelastning.- Festet skal tåle belatning i alle retninger.- Tauet skal klipsast inn i ein vanleg- og ein skrukarabin.(Tronstad, S. 2005, s. 109) 

Det finst fleire gode hugselister for sikker topptauing. Ei av dei er på Norsk-klatring.no, der Odd Magne Øgreid har skrive ei oversiktleg liste med fokus på innendørs klatring, men som også gjerne kan gåast igjennom før klatring ute:

    "Gode prosedyrer for sikker topptauing:

  • Vær grundig med kameratsjekken. Ta deg tid, ikke slurv og vær trygg på at du ikke har oversett noe.
  • Ha god kommunikasjon mellom klatrer og sikrer slik at dere begge til enhver tid har god oversikt over hva som skjer i veggen. Ikke tro at du vet hva som skjer, men vær helt sikker før du utfører handlinger som kan påvirke den andres sikkerhet.
  • Vurder om det kan komme fallende gjenstander ned fra veggen. Plasser sikrer utenfor fallinjen for eventuelle gjenstander, og bruk hjelm ved behov.
  • Vurder festet som topptauet er tredd gjennom. Er tauet redd riktig? Er festet solid nok? Hvis du ikke er overbevist om dette, skal det ikke brukes. Ta eventuelt et kurs for å lære hvordan dette kan gjøres korrekt.
  • Ha respekt for og ta hensyn til andre taulag. Vurder om de kan utgjøre en risiko for deg, eller om du kan utgjøre en risiko for dem. Kommuniser på tvers av taulagene for alles sikkerhet."
(Øvreid, O M. 2017)
Her har studenten laga eit topptaufeste med naturkiler og kammar.
Foto: Are Wergeland



Det er også laga ein hugseregel som skal hjelpe for ankerbygging, som heiter BULVIS (Gustavsson, N R. 2012)
Bombesikker - Forankringspunkta må vurderast som garantert sikre
Uavhengige - Forankringspunkta må være uavhengige av kvarandre
Likevekt - Ankerpunkta må være utlikna
Vinkel - Vinkelen mellom dei yste punkta må ikkje være for stor.
Ingen Sjokkbehandling - Forankringane må ikkje sjokkbelastast om eit av punkta skulle ryke.

Vi ser her at noko av det viktigaste i klatring og topptaufeste er fokus. Fokus på alt frå gode kameratsjekkar før man klatrar, til grundige rutiner når man kjem til topp og innfesting, og fokus på god kommunikasjon mellom klatrer og sikrer. Det å lage eit godt topptauanker er noko man må øve på og praktisere så ofte som mogleg. Du skal ikkje berre sikre deg i eit godt punkt, men minst TO separate festepunkt, i tilfelle noko uventa skal skje. Då er du heile tida sikra, anten i tauet som er festa til sikrer, eller med eiga slynge i veggen. Skulle eit av punkta ryke, vil du fortsatt henge trygt i veggen og ikkje brase i bakken. Praktisering av gode rutiner og god kommunikasjon vil altså gjere klatreturen sikrare og kjekkare for alle som er med.
Referanser:
Gustavsson, N. R. (2012). Klatrehåndboken. Oslo: Gyldendal.
Tronstad, S. (2005). Innføring i klatring. Oslo: Akillis.
Øvreid, O M. (2017). Trygg topptauing. Henta den 23.10.18 frå https://www.norsk-klatring.no/sikkerhet/trygg-topptauing 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Første tur! Kano/Kajakk med masse hygge

Breundervisning Jostedalen