Innlegg

Viser innlegg fra september, 2017

Høgfjellstur arter

Bilde
I bloggen denne gangen skal eg ta for meg 10 ulike pensumartar vi kom over på vår høgfjellstur den 5 til 10 september. Eg skal fortelje litt om kva som kjenneteikner dei ulike artane, og i nokre tilfeller litt om kva dei kan ha blitt brukt til før og no. Foto: Are Moníz Wergeland Skogsnelle. Foto: ukjent Botaniske kjenneteikn. Skogsnella, Equisetum sylvaticum , er ei av i alt 18 snelleartar. Det er ei stråliknande ledda plante, som er einaste gjenværandes slekt av Sphenoppsida,  som i karbontida dominerte jorda med artar opp til 30 meter høgde (Wikipedia, 2017). Snella blir vanlegvis mellom 10-70cm høge, og er mest vanleg å finne i Mai-juni i fuktig og mager jord, sump og barskog, myrkanter, enger, veikanter og grøfter (Mossberg og Stenberg, 2007). Skogsnelle er nokså vanleg plante i noreg, og har ei utbreiing på den nordlege halvkule. Den når heilt opp til 1300 moh i Tynset (Wikipedia, 2017).  Tepperot. Foto: Rolv Hjelmstad Botaniske kjenneteikn...