Innlegg

Viser innlegg fra november, 2017

Skogstur vekke frå alle bekymringar

Bilde
Mandag den 30.10.17 til Fredag 03.11.17 la vi frå oss alt av klokker, mobil og kommunikasjon og busatte oss i skogen i Kaupanger for ei veke for oss sjølve. Fokuset med turen var å vere ute utan å vite kva klokka var, og å øve på generell overlevelse i friluftslivet. Vi hadde ulike underhaldningsinnslag for dei andre gruppene nokon av kvledane, og vi lagde mat både i kokegrop, på bål og i sjusteinsovn. Vi hadde også eit solodøgn på turen, der man fekk kjenne på det å ikkje ha nokon andre å støtte seg på, men måtte klare seg heilt sjølv. I dette innlegget skal eg ta for meg det å lage camp for ein person, med fokus på sporlaus ferdsel, og å lage mat på sjusteinsovn. Foto: Kjetil Balstad Camp Å lage camp i fellesskap med andre kan vere ein grei sak, men det er ikkje alltid like lett å gjere at sjølv når du skal sove aleine. Ein ting som kanskje kan vere lettare aleine, er å halde fokus på sporlaus ferdsel. Sporlaus ferdsel er ikkje berre å ikkje hive boss rundt, eller å knekke...