Skogstur vekke frå alle bekymringar
Mandag den 30.10.17 til Fredag 03.11.17 la vi frå oss alt av klokker, mobil og kommunikasjon og busatte oss i skogen i Kaupanger for ei veke for oss sjølve. Fokuset med turen var å vere ute utan å vite kva klokka var, og å øve på generell overlevelse i friluftslivet. Vi hadde ulike underhaldningsinnslag for dei andre gruppene nokon av kvledane, og vi lagde mat både i kokegrop, på bål og i sjusteinsovn. Vi hadde også eit solodøgn på turen, der man fekk kjenne på det å ikkje ha nokon andre å støtte seg på, men måtte klare seg heilt sjølv. I dette innlegget skal eg ta for meg det å lage camp for ein person, med fokus på sporlaus ferdsel, og å lage mat på sjusteinsovn.

Foto: Are Moníz Wergeland
Foto: Kjetil Balstad
Camp
Å lage camp i fellesskap med andre kan vere ein grei sak, men det er ikkje alltid like lett å gjere at sjølv når du skal sove aleine. Ein ting som kanskje kan vere lettare aleine, er å halde fokus på sporlaus ferdsel. Sporlaus ferdsel er ikkje berre å ikkje hive boss rundt, eller å knekke/sage av store synlege greiner på trea rundt for å ha brennbart materiale, det er også å lage eit bål som ikkje gjer skade om det ikkje er ein tilrettelagt bålplass der du slår leir. Er du ute i skogen for deg sjølv er det viktig å finne ein tørr og flat leirplass i eit område der du helst finn brennbart materiale i nærområdet (Bursell. Friluftsliv - Under åpen himmel året rundt, 2004).Når det kjem til bålet er det viktig å plassere det slik at vinden frakter røyk og glør vekk frå gapahuken/teltet, og om det ikkje er noko plass å lage bålet som ikkje er på brennbar grunn må det gravast vekk ein bit av torva, som leggast til sides for å legge opp i bålgropa når man forlater plassen (Bursell. Friluftsliv - Under åpen himmel året rundt, 2004).
Her er min leir for solodøgnet. med tarp plassert over eit flatt område med god utsikt (om det ikkje hadde vert tåke), og eit bål i forkant der eg hadde gravd vekk eit stykke torv.
Foto: Are Moníz Wergeland
Sjusteinsovn
God mat smakar ekstra godt ute i naturen, både når man lagar det på primus eller på bål. Men det som ikkje alle tenkjer over er at man kan verkeleg lage kva som helst ute i naturen også, som for eksempel på sjusteinsovn.
"En sjusteinovn er en enkel og tradisjonell måte å tilberede mat på ute. Som et supplement til bålet kan sjusteinovnen gi deg nye og spennende muligheter innen matlaging i friluft. En sjusteinovn er som navnet tilsier, en ovn laget av syv steiner eller heller, men som regel må vi bruke litt flere."
(Moe, 2017, s.1)
Vi samla inn steiner i litt solid størrelse, bygde ein stor ovn og endte opp med å ha brukt 14 steinar når vi hadde ferdig resultat. deretter fyrte vi godt i 2-3 timar, for å varme opp den store steinen vi hadde lagt inn som steikeplate, også kunne vi begynde å steike pizza. vi valgte å lage porsjonspizza, og det smakte himmelsk!

Foto: Are Moníz Wergeland
Vedhogst og klestørk er viktig når man får sjangsen.
Foto: Are Moníz Wergeland
Litteraturliste
Bursell, Jens. Friluftsliv - Under åpen himmel året rundt. Landbruksforlaget 2004
Moe, Nicolay. Sjusteinsovn. Natursekken.no
https://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1400068&within_tid=1399355
Kommentarer
Legg inn en kommentar