Første tur! Kano/Kajakk med masse hygge
Fra 21 til 24. August var vi endeleg i gang med første turen på B2 friluftsliv. Turen gikk til Holm, ein roleg liten odde utanfor Kaupanger, med fokus på padling i kano og kajakk. Dette var den første av mangen kommande turar saman med friluftslivklassen, og nokre av hovudmåla var å bli kjent i klassen og med dei nye og svært dyktege vegledarane våras Eivind Aadland og Kristina Klokkehaug, å lage god mat frå grunnen av og ikkje minst å kose seg mest mogleg ute i det fri utan noko telt som ly for vær og vind.
Mål for turen:
Vidare i innlegget vil eg ta for meg litt bilder av kva vi gjorde på tur, med tekstfokus på padleteknikk og kameratredning i kajakk.
Heilt til slutt hadde vi ein liten konkurranse der vi satt med auga igjen, og skulle raskast mogleg klare å ta av spruttrekket og røyse oss opp i kajakken.
Når vi hadde padla eit stykke og kryssa Amlabukta gikk vi over på neste oppgåve, som var lavt støttetak. Raske støttetak kan redde deg ut av ustøe situasjoner, og lavt støttetak er en grunnleggende teknikk som alle padlere MÅ beherske før de legger ut på tur. Begynn med å sitte rolig i kajakken med normalt grep om åreskaftet. Vri så skaftet slik at årebladets bakside vender ned mot vannflaten. Prøv først å presse eller slå årebladet mot vannflaten, og føl hvor godt dette løfter deg. Vipp så kajakken forsiktig ned mot en av sidene, før du slår årebladet mot vannflaten og kjapt retter kajakken opp igjen. Press raskt, for i motsatt fall vil bare årebladet synke ned i vannet mens du velter. I samme øyeblikk som du slår årebladets bakside mot vannflaten trekker du overkroppen inn mot senter av kajakken og retter den opp. Teknikken kan utføres med alle åretyper, og er det beste støttetaket for deg som bruker vingåre. ( Øystein Køhn/Harald Rishovd. Kajakk-guiden.no ). Vi utfordra oss sjølve meir og meir etterkvert, og det gikk ikkje lang tid før vi fekk dagens første bading. Men det var ei god øving der alle blei bedre og bedre kjent med kajakken sin, og kunne lene seg lenger og lenger ut.
Når meir eller mindre samtlege hadde fått seg eit bad gikk vi over på fleire balanseøvelsar. Vi begynte med å prøve å sitte på kanten til cockpitten med beina ned i kajakken. Då hever man balansepunktet, og må jobbe ein del for å halde kajakken i balanse. Etter det var det berre fantasien som satte grenser. Nokre gjorde forsøk i å stå oppreist i kajakken, enkelte prøvde å stå oppreist oppå kajakken, menst Eivind viste kor avslappa man kunne sitte i "yogastilling" bakpå kajakken med hod hjelp frå støttetak og ein liten smule balanse.
Etter det padla vi ut til Holmfor ein roleg kveld med bål og mat. Neste dag lagde vi ein turplan i felleskap, der vi diskuterte ulike faremoment og utfordringar vi kunne møte, men vi endte opp med ein 13km lang padletur då fjorden var så roleg, med teknikkøvelsar undervegs og meir øving på kameratredning. På kvelden lagde vi felles mat i to og to grupper, og alle fekk smake på all maten. Dag 3 bytta vi roller, og dei som hadde padla kano først gikk over i kajakk og motsatt. Vi padla ein roleg tur ut til Tingastad med fokus på grunnleggandes padleteknikkar i kano der Kristina utfordra oss i å padle mest mogleg langs land heile vegen. Ute med Tingastad gikk vi i land og tok beina fatt på ein liten fjelltur opp til øvre Haukåsen. Då hadde vi ei samling der vi blei bedre kjent med kvarandre, og med Veiledarane Kristina Klokkehaug og Linda Hallandsvik. Då vi kom ned igjen til fjorden hadde vi ei økt med kameratredning i kano, og livredning av person med forlenga arm prinsipp. Før du legg ut på tur, også om du risikerer å komme langt fra land, bør du ha erfart korleis ein kanovelt virker. Øv på kanovelt og kameratredning og på å tømme vannfylt kano og entre kano. (Mytting og Bischoff. 2014)
Etterpå bytta vi makker og padla tilbake til Holm for ein siste kveld med god mat og bålhygge. Siste dagen starta vi med å pakke og rydde leir, og gjere klart for heimturen. før vi "trimma" kanoane (pakka bagasjen i båt), hadde vi ei økt med teknikkøving av fleire forskjellige måtar å styre og kontrollere kanoen på. Når vi hadde øvd ein liten tme var det på tide å trimme kanoane, og padle tilbake til Amlabukta, ha ein siste velt og kameratredning, også pakke kanoane tilbake på hengeren og avslutte turen.
Litteraturliste.
Christer Lundberg Nes. Kajakk 1- Grunnopplæring (Henta 17.08.17) http://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1408841&within_tid=1408415
Mytting, I. & Bischoff, A. (2008).Friluftsliv Gyldendal norsk forlag.
Foto: Torbjørn Bjelland, Ryfylke Kajakk.(Henta 17.08.17) https://www.padlesiden.no/kameratredning/
Køhn, Ø & Risvold, H. (uspesifisert). Padleteknikk. (henta 17.08.17) http://kajakk-guiden.no/padleteknikk/
Mål for turen:
·
Bli bedre kjent i B2-gruppen
(mål med studiet, forventningsavklaring og læringsmiljø)
·
Lære noen grunnleggende
ferdigheter i friluftsliv knyttet til leirliv, gapahuk, bål, mat, utstyr og
orientering
·
Trivsel ute uten telt
som ly for vær og vind
·
Lære grunnleggende
padleteknikk i kano og kajakk
·
Bli i stand til å
ferdes trygt og sikkert på sjøen/vann
·
Kameratredning i
sjø/åpent vann og HLR
Her er vi ute og padlar dag 2, og kosar oss meget i sommarsola på den vindstille Sognefjorden. Tenk at det her er oblig skule! Foto: Are Wergeland
Tilvenning og kjennskap til kajakken.
Klassa blei delt i to grupper, der den eine gruppa pakka kanoane og sikta mot Holm for å rigge leir og sette opp gapahukar, menst gruppa eg var i starta med kajakk. Vi begynte med ei info og klargjeringsøkt med kajakkane på land, for å sikre at alle i gruppa hadde tilstrekkeleg med oversikt og kunnskap om båtane før vi sjøsatte dei. Alle valgte seg ein båt og brukte litt tid på å stille inn fotkvilarar/pedalar, og øvde på å dra av spruttrekket slik at man var klar for å komme seg ut av cockpitten når vi seinare skulle velte. Det er viktig å ha ei god sittestilling i kajakken. Ei god sittestilling er å sitte litt breibeint og ha knea opp i dekket eller kanten på sittebrønnen/cockpitten. Sitt med overkroppen litt framover frå setet og ikkje ligg bakover på ryggstøtta som om du ser tv i godstolen (Nes, uspesifisert). For å ha god kontroll over kajakken er det altså svært viktig at man Tilpasser fotstøtta slik at ein har støtte for kvar fot og får eit svakt press på knea opp mot dekket/sittebrønnen. ( Nes, uspesifisert)Heilt til slutt hadde vi ein liten konkurranse der vi satt med auga igjen, og skulle raskast mogleg klare å ta av spruttrekket og røyse oss opp i kajakken.
Nokon tar ei siste testing av spruttrekk, andre føler seg klar til avgang. Foto: Are Wergeland
Flåte.
Når vi hadde komt oss på fjorden var det første vi fikk vite at for å samlast i flåte skulle ein av padlarane løfte åra loddrett opp i lufta for at resten av gjengen skulle samlast ved sidan av, også samla vi flokken for å få første arbeidsoppgåve.
Kjetil viser tegn for å samlast i flåte. Foto: Are Wergeland
Framdriftstak, støttetak og balanseøvelsar.
Det første vi skulle jobbe med var gode framdriftstak. Noe av det vanskeligste å lære seg er effektive framdriftstak der belastningen fordeles på hele kroppen. For å forklare dette så enkelt som mulig, handler det om å bruke de store og sterke musklene i rygg, midje, bryst, skuldre, armer, hofter og lår, og ikke bare armene, som de fleste uerfarne padlere har lett for å gjøre. ( Øystein Køhn/Harald Rishovd. Kajakk-guiden.no ). Ein av metodane vi brukte for å få fokus på å bruke mage og rygg var å padle med heilt strake armar, og kun rotere kroppen for å få framdrift. Tungt, men ein effektiv måte å kjenne at man fekk god kraft ned i åra utan å bruke armane.Når vi hadde padla eit stykke og kryssa Amlabukta gikk vi over på neste oppgåve, som var lavt støttetak. Raske støttetak kan redde deg ut av ustøe situasjoner, og lavt støttetak er en grunnleggende teknikk som alle padlere MÅ beherske før de legger ut på tur. Begynn med å sitte rolig i kajakken med normalt grep om åreskaftet. Vri så skaftet slik at årebladets bakside vender ned mot vannflaten. Prøv først å presse eller slå årebladet mot vannflaten, og føl hvor godt dette løfter deg. Vipp så kajakken forsiktig ned mot en av sidene, før du slår årebladet mot vannflaten og kjapt retter kajakken opp igjen. Press raskt, for i motsatt fall vil bare årebladet synke ned i vannet mens du velter. I samme øyeblikk som du slår årebladets bakside mot vannflaten trekker du overkroppen inn mot senter av kajakken og retter den opp. Teknikken kan utføres med alle åretyper, og er det beste støttetaket for deg som bruker vingåre. ( Øystein Køhn/Harald Rishovd. Kajakk-guiden.no ). Vi utfordra oss sjølve meir og meir etterkvert, og det gikk ikkje lang tid før vi fekk dagens første bading. Men det var ei god øving der alle blei bedre og bedre kjent med kajakken sin, og kunne lene seg lenger og lenger ut.
Når meir eller mindre samtlege hadde fått seg eit bad gikk vi over på fleire balanseøvelsar. Vi begynte med å prøve å sitte på kanten til cockpitten med beina ned i kajakken. Då hever man balansepunktet, og må jobbe ein del for å halde kajakken i balanse. Etter det var det berre fantasien som satte grenser. Nokre gjorde forsøk i å stå oppreist i kajakken, enkelte prøvde å stå oppreist oppå kajakken, menst Eivind viste kor avslappa man kunne sitte i "yogastilling" bakpå kajakken med hod hjelp frå støttetak og ein liten smule balanse.
Eivind Aadland viser god balanse og kontroll over kajakken, menst studentane i bakgrunnen har litt meir å jobbe med. Foto: Are Wergeland
Kameratredning.
Det siste vi jobba med før vi pakka bagasjen i kajakkane og sikta snuta mot Holm og campen for dei neste fire dagane var noko av det som er absolutt viktigast å kunne når man skal ferdast i åpent farvatn med kajakk og kano, nemleg kameratredning. Kameratredninga er svært viktig å kunne godt, slik at man effektivt kan hjelpe medpadlarar opp igjen i båten om man har velta i åpent vatn og ikkje har mogleghet til å stå eller komme seg til land. Er man aleine på fjorden kan man prøve med ei cowboyredning, men det er svert tungt når man har bagasje i båten, så det er ofte mykje vatn igjen i cockpitten. Kameratredning derimot er enkelt, og svært effektivt. Har ein padler gått rundt har han ei hovudoppgåve fram til kameraten tar kontrollen, og det er å halde tak i åra si så den ikkje flyt vekk, og båten. Når kameraten er komt bort og har kontroll på båten, legg personen som ligg i vatnet seg heilt fram på baugen til kameraten. Der har han ein behagleg måte å halde seg flytande på utan å bruke mykje krefter, og han er med på å halde kameraten sin kajakk stabil. Årene til begge padlarane leggast under ein av strikkane på kajakken til den hjelpandes kajakken. Kameraten snur først den velta kajakken rikteg veg i 90 grader ut frå sin eigen båt med baugen mot seg. Så drar han båten godt over sin eigen cockpit (noko som er betydeleg mykje lettare når båten litt rikteg veg), tar tak i stroppane på kanten av kajakken eller under kjølen, og snur kajakken opp ned og løftar litt om man klarer. På denne måten vil nesten alt vatnet renne ut, og man slipp å pumpe eller svampe for å tømme båten. Kameraten snur så båtenriktig veg igjen, og legger den tilbake i vatnet parallelt med sin eigen båt i motsatt padleretning. Når båten ligg på den måten kan kameraten ligge godt over båten til padlaren som skal opp igjen frå vatnet, og stabilisere båten meget bra. No kan den velta padlaren komme på utsida av sin eigen båt, og dra seg opp på magen like bak cockpitten, legge beina først oppi båten, og skyve seg ned i båten menst han snur seg og ser framover. Alt bør gjerast med lavast mogleg tyngdepunkt. Kameraten stabiliserer båten heilt til padlaren har fått på spruttrekket, har fått tilbake åra si, og kameraten har forsikra seg om at slynga på trekket er tilgjengeleg til å dra i om han skulle velte igjen, og dei har hatt augekontakt og forsikra seg om at padlaren er klar igjen. Det er viktig å ikkje slippe båten før padlaren er blitt spurt om han er klar, slik at han ikkje havnar i vatnet igjen med ein gong.
Bilde av kameratredning der padlaren ligg på baugen til kameraten, menst båten tømmast for vatn. Foto: Torbjørn Bjelland, Ryfylke Kajakk
Etter det padla vi ut til Holmfor ein roleg kveld med bål og mat. Neste dag lagde vi ein turplan i felleskap, der vi diskuterte ulike faremoment og utfordringar vi kunne møte, men vi endte opp med ein 13km lang padletur då fjorden var så roleg, med teknikkøvelsar undervegs og meir øving på kameratredning. På kvelden lagde vi felles mat i to og to grupper, og alle fekk smake på all maten. Dag 3 bytta vi roller, og dei som hadde padla kano først gikk over i kajakk og motsatt. Vi padla ein roleg tur ut til Tingastad med fokus på grunnleggandes padleteknikkar i kano der Kristina utfordra oss i å padle mest mogleg langs land heile vegen. Ute med Tingastad gikk vi i land og tok beina fatt på ein liten fjelltur opp til øvre Haukåsen. Då hadde vi ei samling der vi blei bedre kjent med kvarandre, og med Veiledarane Kristina Klokkehaug og Linda Hallandsvik. Då vi kom ned igjen til fjorden hadde vi ei økt med kameratredning i kano, og livredning av person med forlenga arm prinsipp. Før du legg ut på tur, også om du risikerer å komme langt fra land, bør du ha erfart korleis ein kanovelt virker. Øv på kanovelt og kameratredning og på å tømme vannfylt kano og entre kano. (Mytting og Bischoff. 2014)
Etterpå bytta vi makker og padla tilbake til Holm for ein siste kveld med god mat og bålhygge. Siste dagen starta vi med å pakke og rydde leir, og gjere klart for heimturen. før vi "trimma" kanoane (pakka bagasjen i båt), hadde vi ei økt med teknikkøving av fleire forskjellige måtar å styre og kontrollere kanoen på. Når vi hadde øvd ein liten tme var det på tide å trimme kanoane, og padle tilbake til Amlabukta, ha ein siste velt og kameratredning, også pakke kanoane tilbake på hengeren og avslutte turen.
Det er enkelt å lage god mat fra grunnen av på tur også! Mandagen lagde vi steikt laks med coscos og grønnsaker. Foto: Are Wergeland
Det er enkelt å lage god mat fra grunnen av på tur også! Mandagen lagde vi steikt laks med coscos og grønnsaker. Foto: Are Wergeland
Eit av måla for turen var å sove ute utan telt som ly for vær og vind. Ein gapahuk som er godt laga er ei meget god løysning. Vi hadde riktig nok så bra vær på tur denne gangen, at ca halve klassen låg under open himmel enten på bakken eller i hengekøye. Foto: Are Wergeland
Det er ikkje alltid like lett å vere manndig når man skal kutte løk. tårene kjem fort nesten uansett kva. Tom har derimot løysninga, og kutter løk med dykkerbriller. Foto: Are Wergeland
Espen har god kontroll på kanoen, og utfører eit utmerka J tak for å halde kursen. Foto: Are Wergeland
Gutta koste seg max i kanoane etter to dagar med kajakk, og nytta ei kvar anledning til å lene seg tilbake og nyte sola. Foto: Are Wergeland
Kan ikkje klage på utsikta når mankjem seg nokre hundre høgdemeter over fjorden. Foto: Are Wergeland
Vi hadde alt i alt ein meget bra første tur med B2 friluftsliv. Eivind Aadland og Kristina Klokkehaug som var med som vegledarar er svært dyktege i faget, og utgjær meget gode øvingsbileter. Vi nådde med glans alle læringsmåla for turen! Alle fekk god innføring og øving i vesentlege padling og redningsteknikkar. Ting som kameratredning blei gjentatt hyppig, for at alle skulle føle seg meir sikre på kva som må gjerast om man opplever ein velt.
Gruppa blei mykje bedre kjent og samansvesa, dei nye elevane blei godt motatt, og det var høgt nivå på trivselsskalaen heile turen. Vi fikk ei meget god innføring i grunnleggandes padleteknikkar og redningar i både kajakk og kano, og gode tips og triks for gode enkle måltid og eit godt leirliv. Tusen takk for ein strålandes bra tur!

Fredrik nyt utsikta frå verdens beste skulebenk! Foto: Are Wergeland
Litteraturliste.
Christer Lundberg Nes. Kajakk 1- Grunnopplæring (Henta 17.08.17) http://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1408841&within_tid=1408415
Mytting, I. & Bischoff, A. (2008).Friluftsliv Gyldendal norsk forlag.
Foto: Torbjørn Bjelland, Ryfylke Kajakk.(Henta 17.08.17) https://www.padlesiden.no/kameratredning/
Køhn, Ø & Risvold, H. (uspesifisert). Padleteknikk. (henta 17.08.17) http://kajakk-guiden.no/padleteknikk/
Kommentarer
Legg inn en kommentar