Breundervisning Jostedalen

18 til 21 september var vi i Jostedalen og hadde breundervisning. Der var vi innom 3 ulike brear, og fikk kursing og opplæring i første delen av grunnkurs for bre, som gjer at vi kan ferdast på bre på eigenhand. Tema eg skal ta for meg i denne omgang er brelære (glasiologi), der eg skal halde fokus på kva ein bre er, og litt om breens bevegelse.


Alexander viser kor stor breen er.
Foto: Are Moníz Wergeland


Mål for turen var:
- Være bevisst alpine farer knyttet til brelandskap
- Bevegelsesteknikk og bruk av isøks og stegjern
- Brevandring i taulag på blåis på en sikker måte - Kjennskap til metoder for kamerathjelp fra sprekk på blåis eller snødekt bre - Refleksjon rundt veiledning på bre, hvordan bevege seg trygt med gruppe på bre?
- Etter endt undervisning bør studentene være i stand til å gå på enklere breer i Norge sammen med andre med tilsvarende bakgrunn



Kva er ein bre?

Begrepet bre blir brukt noko vidt. Det kan blandt anna omfatte reine snøfonner som held seg langt utover sommeren. Ofte støter ein på betegnelsen blåbre kontra snøbre. Det første skal betegne bretungene og det andre sjølve platåa eller finområda. Som beskrivande termer er betegnelsane blåbre og snøbre forsåvidt gode, men i ei meir eksakt behandling blir dei alt for uklare (DNT-Fjellsport, 2001). I brelæreboka bruker dei ein definisjon av Ahlmann som seier: En bre er en masse av snø og is som vesentlig ligger på land og som er eller har vert i bevegelse. Det vil sei at snøfonner som ligg over sommeren på høgfjellet ikkje kan definerast som brear. Det finst fleire ulike typar brear med utgangspunkt i breens utsjånad (morfologi).


Platåbre. Ein bre som fullstendig dekker eit heilt fjellområde og kan ha brearmar som strekk seg ned i dalar (f.eks. Jostedalsbreen og Hardangerjøkulen). (DNT-Fjellsport, 2001)
Folgefonna er ein typisk platåbre.
Foto: Jostein Bakke

Alpin dalbre. Heile breen ligg i ein dal, er smal og langstrakt, og kjem ikkje ned frå ein platåbre.
(f.eks. Storjuvbren). (DNT-Fjellsport, 2001)
Austerdalsbreen er ein lang dalbre.
Foto: Thies-Peter Lange


Isstrømnett. Er eit system av dalbrear som heng saman, og med oppstikkande fjelltoppar (nunatakkar). ekempel er JOstedalsbreen nord for Lodalskåpa. (DNT-Fjellsport, 2001)
Lodalskåpa og Veslekåpa er store nunatakkar i Jostedalsbreen.
Foto: Tinderangel.no


Botnbre. Breen ligg gjerne i ein typisk botn og utbreier seg ikkje utover den. (f.eks. Nautgardsbreane). (DNT-Fjellsport, 2001)
Nautgardsbreen er ein klassinsk botnbre utan noko opprinnelse i ein platåbre.
Foto: Tinderangel.no


Hengebre. Slike brear heng som oftast som flak på ei bratt fjellside der det ikkje dannast noko botn. (f.eks. brear nord for Styggedalsryggen). (DNT-Fjellsport, 2001) den verdskjente hengebreen på K2 er eit godt eksempel.
Hengebreen på K2, her vist i forklaring på staden Rolf Bae mista livet i eit isras i 2008 etter eit forsøk på å nå toppen.
Foto: http://www.nickvanderleek.com/2015/10/


Breens bevegelse

På breane kjem det mest snø på dei øvste partia. Som oftast kjem det vesentleg meir snø enn det smeltar på same staden i løpet av eit år. Det skaper eit snøoverskudd som tyngdekrafta sørger for å transportere ned til dei lavare delane av breen, der det etter kvert smeltar (DNT-Fjellsport, 2001).

Breen beveger seg på to måtar: Ein indre bevegelse eller deformasjon som skuldast omforming og bevegelse mellom dei enkelte iskrystallar, og ei direkte sklidning av heile breen på underlaget. Dei to formene for bevegelse virkar nesten alltid saman, men forholdet mellom dei varierer mykje. Ofte kan den eine tpen fullstendig dominere over den andre. Den indre bevegelsen er ein konsekvens av bre-isens plastiske eigenskapar. Denne vil generelt auke som ein funksjon av breen sin tjukkelse og hellinga på overflata, noko som fører til at tjukke og bratte delar av breen beveger ser raskare enn tynne og flate (DNT-Fjellsport, 2001).

Sklidninga av breen over underlaget varierer med bre-isens temperatur, underlagets form og med tilgangen på vatn ved bunnen av breen. Målingar har vist at bevegelsen aukar tidleg på sommeren når det første smeltevatnet når bunnen av breen. Utover sommeren får bevegelsen i breen ei døgnrytme slik at hastigheiten varierer meir likt med vannføringa i breelva. om vinteren er hastigheiten lavare fordi smeltevatnet på sommeren dannar eit slags smørelag, som minskar friksjonen mellom bre-isen og underlaget (DNT-Fjellsport, 2001).

Om man var på Nigardsbreen for 10 år sidan, kan man hugse at breen var mykje lenger ned mot vatnet. Men det betyr ikje at breen har slutta å bevege seg. Den rykker stadig framover, men på grunn av lange somrar smeltar fronten på breen raskare enn den glir framover, noko som resulterer i at breen "minskar".
Foto: Are Moníz Wergeland

Brelære er eit svært spanande emne, og om man sett seg godt inn i dei ulike situasjonar man kan møte på på ein bre, blir man mykje bedre forberedt og kan nyte neste tur desto meir. Det at breen konstant er i bevegelse, og spesielt når man ikkje kan sjå sprekkar pga snø på vinteren, gjer det til ein ganske risikofylt sport å gå på bre. Men har man hatt kursing, og lest seg godt opp, går det i nesten alle situasjonar meget bra når man tar det roleg og tar eit steg av gangen.


Litteraturliste:

Breboka - Håmdbok i brevandring. DNT.Fjellsport (2001)

Foto:
Folgefonna (Henta 02.10.17) https://no.wikipedia.org/wiki/Jostein_Bakke
Austerdalsbreen (Henta 02.10.17) http://www.panoramio.com/photo/14829607#
Lodalskåpa (Henta 02.10.17) http://tinderangel.no/turarkivet/breheimen/jostedalsbreen.html
Nautgardsbreen (Henta 02.10.17) http://www.tinderangel.no/2017/08/11/nautgardstinden/
Hengebreen på K2 (Henta 02.10.17) http://www.nickvanderleek.com/2015/10/

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Første tur! Kano/Kajakk med masse hygge

Klatring på Kvam