Veiledertur

Den 4-6. oktober var vi på veiledertur med 3.klasse som veiledarar. Dei hadde lagt opp til ein roleg tur til Svartavatnet med fokus på tradisjonelt friluftsliv og hygge. På turen fordelte dei ansvar til B1 og B2 elevane, som orientering, matlaging, bålbygging og oppsetting av gapahuk. I dette innlegget skal eg ta for meg mat på bål og bygging av gapahuk. Foto: Are Wergeland Mat på bål Ei av oppgåvene vi på B2 fekk, var å lage middag på dag to. Vi kjøpte med to lammelår på til saman 7kg og eit utvalg rotgrønnsaker som tilbehør. Vi valgte å tilberede alt på bål i staden for å bruke kokegrop, då det i all hovudsak var myrområde rundt oss. Vi hadde med ein stor kjele til å bruke på bålet, og delte lammelåret i to, krydra det litt, stuffa det med kvitløk, la det på nokre bjørkepinnar med litt vatn i bunn og lot det trekke i 2 til 3 timar. Når kjøttet hadde trekt så lenge tok vi ut bjørkepinnane, lot krafta frå kjøttet vere, fylte gryta med rotgrønnsaker og beina ut kjøttet og la d...