Veiledertur
Den 4-6. oktober var vi på veiledertur med 3.klasse som veiledarar. Dei hadde lagt opp til ein roleg tur til Svartavatnet med fokus på tradisjonelt friluftsliv og hygge. På turen fordelte dei ansvar til B1 og B2 elevane, som orientering, matlaging, bålbygging og oppsetting av gapahuk. I dette innlegget skal eg ta for meg mat på bål og bygging av gapahuk.
Foto: Are Wergeland
Mat på bål
Ei av oppgåvene vi på B2 fekk, var å lage middag på dag to. Vi kjøpte med to lammelår på til saman 7kg og eit utvalg rotgrønnsaker som tilbehør. Vi valgte å tilberede alt på bål i staden for å bruke kokegrop, då det i all hovudsak var myrområde rundt oss. Vi hadde med ein stor kjele til å bruke på bålet, og delte lammelåret i to, krydra det litt, stuffa det med kvitløk, la det på nokre bjørkepinnar med litt vatn i bunn og lot det trekke i 2 til 3 timar. Når kjøttet hadde trekt så lenge tok vi ut bjørkepinnane, lot krafta frå kjøttet vere, fylte gryta med rotgrønnsaker og beina ut kjøttet og la det på toppen igjen der det fikk godgjøre seg i ein time til. Til slutt vendte vi alt rundt for å få blanda det godt i ca 30 minutt før det var klart til servering. Det smelta på tunga. Som Jens Bursell (2014, s.201) skriv i boka "Friluftsliv - under åpen himmel året rundt" ; "Det fantastiske ved å lage mat over bål er de mange mulighetene for koking, steking, grilling, risting, baking eller røking. Potensialet for trestjerners menyer skal ikke undervurderes."
Gapahuk
Sidan turen vår gikk til svartavatnet der det står ein ferdig snekra gapahuk, valgte vi å sove i den då det regna så gale. Men vi hadde alikavell ein full gjennomgang på korleis sette opp gapahuk for dei som ikkje hadde gjort det før, då gapahuk eller bivuakk av presenning er eit mykje lettare alternativ å bære med seg på tur enn teltet vil vere (Bursell, 2004). Presenningen spennast opp mellom nokre tre, over ei lavthengandes grein eller over kanoen. Sidene festast med pluggar eller greiner, og strammast opp for å unngå at presenningen skal flagre. Dei fleste presenningar har alt for svake ringar for stramming til bardun. Beste alternativet er då å lage ein dobbel halvstikk rundt ein flik av presenningen med ein liten stein eller ei kongle å knyte rundt. For å få litt meir høgde i gapahuken kan man sette opp ein stokk i midten eller knyte opp ein bardun i eit tre ovanfor, slik at man ikkje kjem bort i duken når den er våt (Bursell, 2004)
Det å kunne sette opp ein god gapahuk, og det å kunne å lage variert og god mat på tur er svært viktige punkter for god trivsel på tur. Det skal så lite til for å få det bra. Vi fikk gjennomgått forskjellige punkter iløpet av heile turen, og det var stor suksess trass mykje regn den første dagen. Veiledarane hadde ein god plan, dei var flinke til å halde oversikt og å fordele oppgåver til oss andre som var med, og alle var godt fornøgde når vi hadde evaluering før vi skilte lag på fredagen.
Litteraturliste
Bursell, J (2004) Friluftsliv - Under åpen himmel året rundt. Landbruksforlaget
Kommentarer
Legg inn en kommentar