Nordisk skiferd Hemsedalfjellet

Kart over ruta som blei gått.
Foto: Are Wergeland

Den 5 til 9.Februar pakka vi pulkar og sekkar og satte kursen over Hemsedalsfjellet. Turen gikk over 70km og totalt litt over 2000 høgdemeter med fokus på rutevalg, terrengformasjonar, vandring over lengere avstand og snøhole/nødly. I dette innlegget skal eg nevne viktige moment når man skal gå langt i vinterfjellet, og korleis bygge snøhole/nødly.

Foto: Are Wergeland

Vandring i vinterfjellet.

Eit av dei viktige punkta man må tenke over med tur i vinterfjellet er bekledning, som nevnt i forrige innlegg. Eit anna punkt er å ha ei felles forståing for når man skal gå og når man skal ha pause. Ein teknikk vi bruker når vi går med større grupper, er 50-10 metoden. då går man først eit lite stykke på 10-15min for å få varmen, før man tar ein teknisk for å tilpasse bekledning. Deretter går man i 50min før man tar ei 10min pause, også gjentar man det kanskje 3 gongar før man for eksempel tar lunsj. Slik får man ein kontinuitet i gåinga utan å gå for lenge, og man får små avbrekk for å kvile beina, drikke litt og få i seg litt energi.

Noko av det viktigaste når man skal gå i fjellet på vinteren er å ta våkne veivalg. Det er snakk om å ta veivalg som er sikre i forhold til skredfarlig terreng. Dårleg folkeskikk i fjellet og manglande ydmykheit for naturen er årsak til dei fleste ulykkene i fjellet (Faarlund 1997). Undervegs på turen må man fortløpande gjere vurderingar av skredfarerisikoen, i område man ferdast i frå snøen man står på, til så langt auge ser. Tatt i betraktning at alle skråningar som er 30 grader eller brattare er moglege snøskredområder, må vi unngå at gruppa blir eksponert for slikt terreng (Horgen 2010). Ein av dei viktigaste teknikkane å kunne er å måle utløpssone i profil, slik at man kan finne ut kor det vil vere trygt å gå, før man står i eit utsett område. Når man er på veg inn i ein dal der begge fjellsidene er brattare enn 30 grader, kan man beregne kvar det er trygt å bevege seg ved å måle utløpssone. Tar man utgangspunkt i 1:3 metoden, som tar utgangspunkt i at skred ikkje går lenger ut enn tre ganger høgda av fjellsida, kan man måle 20 grader fra øverste moglege løsneområde og ned i dalbunnen ved hjelp av eit klinometer. Man holder klinometeret i 20 grader med undersida fra det øvste løsneområdet og ned i dalbunnen. Der klinometeret skjærer igjennom dalbunnen vil det vere trygt å bevege seg i forhold til 1:3 metoden (Horgen 2010)

Her har gruppa funne det tryggaste veivalget til toppen av ryggen, uten å bli utsatt for skredfare.
Foto: Are Wergeland

Snøhole/Nødly.

Snøhole og nødly er to forskjellige gravemåtar, men tar utgangspunkt i meir eller mindre like skavlar. Ein ideell skavl for snøhole er 3-4 meter høg. Her er det viktig å merke seg at skavlen ikkje må overstige 5 meter, då dette er nedre høgde for mulig skredfarleg terreng (Horgen 2010). Ei nødly er noko man skal grave fort for å komme seg unna været, og det treng berre vere plass til å sitte. Man treng heller ikkje grave like langt inn, og heller ikkje like mykje som ei snøhole, då det er lettast å lage ein stor opning, for så å tette den med ski og snø etterpå. Snøhola er derimot eit større graveprosjekt. Når man har funne ein skavl, som ideelt sett kan vere ganske bratt for å lettare transportere vekk snø og for å slippe å grave langt inn før man begynder på liggebrisken, bør man starte gravinga høgt oppe i skavlen (Horgen 2010). Det er viktig å ha ein taktjukkelse på ca 0,5 meter på det minste. Dette er eit sikkerheitstiltak i tilfelle hola av ein eller annan grunn skulle kollapse. Grav så ei nisje vinkelrett inn i skavlen, ca 1 til 1,5 meter djup i drøy skulderbredde og i full ståhøgd. Vidare innover kan man utvide nisja for å få plass til at fleire kan grave. Deretter kan to personar begynde å hole ut brisken vidare innover sideveis i skavlen (Horgen 2010). Det er hensiktsmessig å starte gravinga i to inngangar, der ingang nr 2 blir brukt for å grave ut nisja og tetta etterpå. Når man er ferdig å grave ut hola er det viktig at taket blir bua og gjort så glatt som mogleg for å unngå drypping og istappar iløpet av natta (Horgen 2010).

Her er gjengen godt i gang i begge inngangane, og har ikkje lenge igjen før dei møtast på midten.
Foto: Are Wergeland


Litteraturliste.

Faarlund, Nils 1997, etter Mytting 2000 s.11. Henta frå Horgen, A. 2010. Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget

Horgen, A. 2010. Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget AS









Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Første tur! Kano/Kajakk med masse hygge

Klatring på Kvam

Breundervisning Jostedalen