Vintertur med førstehjelp

Tysdag 16 til fredag 19.januar var vi på vår første vinterferd for å få kjennskap til vinterfriluftslivet og jobbe inn gode rutiner for gruppa når vi går over lengre avstander og i leir. Vi hadde ulika førstehjelp "casar", for å få trening i å utføre førstehjelp på vinterfjellet.
Mål for turen:
- Tilpasning av skiutstyr og skekk/pulk – skismurning og feller
- Tips og råd med for å holde seg varm om vinteren
- Vinterorientering
- Bruk av bensin brenner
- Leirliv om vinteren, teltoppsett, levegger, vinterbål og latrine
- Skaffe seg erfaringar med eige utstyr og fellesutstyr
- Praktisk førstehjelp med case på onsdagen
- Eigenferd

Det var mykje læring i heile turen, og noko av det eg har tenkt å framheve i dette innlegget er leirliv i vinterskogen og bekledning vinterstid.



Foto: Are Moníz Wergeland


Leirliv vinterstid.
Ein ideell teltleir i vinterfjellet ligg lavt i terrenget, naturleg i le av omkringliggande høgdedrag som "tar av" for vind frå fleire retningar (Horgen 2010). Noko av det viktegaste når det kjem til val av leirstad er å passe på å unngå områder med såkalla trakteeffekt for vinden, det vil seie trange dalar eller skar som "leier" og kanaliserer vinden og er med på å auke vinddraget. Om det er vanskeleg å finne le for vind frå fleire retningar samtideg bør man prioritere le for typisk sterk vindretning, og ikkje nødvendigvis ha fokuset på den vinden man eventuelt er eksponert for der og då (Horgen 2010). Når teltet er oppe kan man skape bedre isolering ved å legge snø oppå stormmattene dersom teltet er utstyrt med det, eller legge snø inntil ytterduken rundt heile teltet. Dette fungerer som god isolasjon og vindstopper mot kald trekk inne i teltet, men virker også imot lufting rundt innerteltet, og kan skape meir kondens og dermed rim på innsida av teltduken (Horgen 2010). Til slutt vil det vere praktisk å lage ei kuldegrop/kjøkkengrop i forteltet, for å kunne ha ståhøgde for matlaging, utpakking av sekk, børste vekk snø og liknande. Kjøkkengropa gir enkelt og greit meir albuerom og høgare komfort (Horgen 2010).
Eksempel på kjøkkengrop. Foto: Are Wergeland


Bekledning i vinterfjellet.
Noko av det viktigaste man må kunne for å klare seg på turar over fleire dagar i høgfjellet, er blant anna korleis å kle seg, og kva eigenskapar dei forskjelliga laga i bekledninga har. Den beste måten å isolere seg mot været er å ha fleire lag i staden for eit tjukt, då luftlaga mellog plagga gir bedre isolasjon (Horgen 2010). Derfor kler vi oss etter noko som kallast "fleirlagsprinsippet", som blei innført av Fritjof Nansen i forbindelse med grønlandsferda hans i 1888 (Huntford 2006, s159 i Horgen 2010). Det innerste laget bør bestå av ull. Ullfiber har den eigenskapen at dei slipp svettedamp igjennom og vekk frå kroppen fordi fiberskjella og ullhåra skapar mykje luft. Dermed vil desse luftromma isolere godt mot både kulde og varme, gir moglegheit for fuktigheit å trekke ut, og sørger for ein jamn temperatur (Horgen 2010).
Mellomlaget bør ha høg hals og eventuelt tomellhull på ermene (Horgen 2010). Mellomlaget bør bestå av fleece eller ull for best mogleg fukttransport vekk frå kroppen.
Ytterbekledninga bør bestå av vind - og/eller vanntette plagg. Både overdelen og underdelen  vere vindtett. Er stoffet i tillegg vannavstøtande, eller kan gjerast vannavstøtande ved impregnering, er dette ein fordel så man slepp å ta med seg regntøy i tillegg (Horgen 2010). Det samme gjeld på armar og bein, der det er best med ull innerst, og eit vind - og vanntett ytterlag.
Foto: Are Wergeland

Gode leirrutiner og riktig bekledning utgjer forskjellen på trivsel og slit på tur. Er du riktig innstilt på korleis du kan gjere det best for gruppa og deg sjølv, vil alle få det mykje kjekkare på tur. Holdning er forskjellen på ein prøvelse og eit eventyr. Så om man kler seg tynt og tenker at man skal klare å hate seg igjennom det, vil det uansett gå utover gruppa, og det blir mindre trivsel. Både bekledning og leirliv er noko man kan øve på for å få inn gode rutiner.

Referanser.


Horgen, A. 2010. Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget










Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Første tur! Kano/Kajakk med masse hygge

Klatring på Kvam

Breundervisning Jostedalen