Topptur Vigdalen

28.02 til 01.03 var vi på topptur i Vigdalen i Luster. Der hadde vi fokus på kameratredning i skred, og bruk av skredsøker første dagen, også var vi på topptur andre dagen.
Måla for turen var
- Å tilegne seg kunnskap om sikker ferdsel og artig skikøyring på topptur.
- Få erfaring med kameratredning i snøskred.
- Å velge trygge veivalg og organisering av gruppe på tur.
- Bålkos med sosial profil. (som vi berre vart ein gjeng på 8 stk som gjennomførte då det nærma seg minus 30 grader, og telt og sovepose kunne friste meir)
I dette innlegget skal eg ta for meg korleis man gjennomfører kameratredning i eit snøskred med og uten sender mottaker.

Foto: Are Wergeland

Etterskred.

Før du går inn i skredområdet bør du forsikre deg om at det ikkje er fare for såkalte etterskred. Etterskred vil sei at det kjem fleire skred ned det samme henget, som du kan få over deg når du leitar etter den skredtatte (Landrø, 2002). Man må vere effektiv og sjå over om all snøen som kan løsne, faktisk har løsna. Om det ikkje ligg igjen noko snø som ligg i fare for å skli ut er det stor sansynlighet for at det vil ligge, men man bør heile tida følge med i tilfelle det bles og samlar seg opp til nye flak (Landrø, 2002).

Varsling.

Etter at ein person i gruppa har tatt leiinga, og skaffa seg overblikk, fordeler han ansvar til resten av gruppa. Er der mobildekning må ein person i gruppa varsle 113. Er der ikkje dekning i nærheten må man vurdere om man kan avsjå nokon til å finne eit område med dekning for å varsle, og kor lang tid det vil kunne ta før hjelpemannskapet kjem til staden. Det er heile tida eit dilemma med tidsaspektet (Horgen, 2010). Personen som skal varsle etter hjelp må vite kven dei skal varle, og dei må vere i stand til å beskrive situasjon og plassering.
- Kva har skjedd?
- Kor mangen er skada?
- Kva typer skader er det snakk om?
- Kvar befinner vi oss? (Kartblad, stedsnavn, rutetilvisning eller gps-koordinat)
(Horgen, 2010).

Utan sender/mottaker.

Overflatesøk.

Eit overflatesøk gjennomførast ved at dei som deltek i søket dannar ei søkelinje, som dekker så mykje av skredets breidde som anntal personar tillet (Horgen, 2010). Man stiller seg opp med nokre meters mellomrom og går igjennom skredet og ser og lytter etter eventuelle funn. Man bør gå fort, med tanke på at tida er knapp, men ikkje fortare enn at man får sett godt nok etter. Dette bør utførast både oppover og nedover i skredet, då man kan sjå ting frå ein annan vinkel på grunn av store snømasser som stikker opp (Horgen, 2010). Alle har med seg sitt nødvendige søkeutstyr i tilfelle funn. Med overflatefunn søker man i spiral med søkestang og starter graving om det er eit funn. Finn man ein stav eller ei ski som "sitter fast" i snøen er det sjølvsagt berre å begynde å grave. Får man ikkje funn med søkestang markerer man overflatefunnet og lar gjenstanden ligge der man fann den. Slik kan man finne ei innsnevra søketeig til neste punkt (Horgen, 2010).

Søkelinjer, søkestang.

Dersom man ikkje finn den sakna under overflatesøket (som skal gjennomførast effektivt), går man i gang med søk med søkestang, organisert i søkelinje. Med utgangspunkt i forsvinningspunktet og eventuelle funn gjort i overflatesøket, avgrenser man ei primer søketeig (Horgen, 2010). I søkelinja gjennomfører kvar enkelt eit "trepunktsøk". Det vil seie at man søker med søkestanga i tre punkter. Man står litt breibeint med fingertupp mot fingertupp til sidekameraten, og fører først søkestanga vertikalt ned like framfor føttene, og deretter ein gong på kver side. Man stikker maksimalt to meter ned i snøen, då det vil ta mykje lengre tid å søke djupare, og sjangsen for å finne personar som er i live djupare enn to meter under snøoverflata er små (Landrø, 2002). Når ein person har utført tre punktsøk i individuelt tempo, inntar man ei såkalla ferdigstilling der søkestanga kviler mot skulderen med tuppen av stanga om lag 70cm framfor føttene, slik at man viser at man er klar for å ta eit steg fram og fortsette søket. På denne måten (når det er fleire som søker) kan personen som leder søket sjå når alle er klare, og melde klar for neste søk. Får man funn lar man søkestanga stå som retningsangiver, og graver inn til tuppen av stanga (Landrø, 2002).

Utgraving.

Idet man har lokalisert den skredtatte og starter framgravinga, er det verdt å ha i bakhodet at man bør unngå å tråkke for mykje rett over funnet då dette kan bidra til å tette luftlommer og skape panikk (Horgen, 2010). Andre enn dei som er med å grave bør halde litt avstand, men vere klare til å bistå om nokon blir sliten. Grav frå nedsida og inn til personen, slik at man ikkje treng å løfte, men heller kan dra personen ut. Grav med spaden først, men gå over til å bruke henda i det personen skal frigjerast, spesielt rundt hodet og overkroppen. Hurtig framgraving er viktig - med tanke på kvelingsfaren, men støtskader kan også bli alvorlige - spesielt i hode/hals-regionen (Horgen, 2010).

Foto: Are Wergeland

Med sender/mottaker.

Signalsøk.

Om den skredtatte har sender/mottaker treng man ikkje bruke tid på overflatesøk og søkelinje. Då er det viktig å vere effektiv, og alle må passe på å sette sin s/m på "søk". Då vil alle berre få inn signalet til den skredtatte. Om man ikkje får inn signal umiddelbart må man utføre eit "signalsøk" ved å dreie søkeren i alle retningar ved sidan av hovudet (for å høyre når du får signal). Når d har fått signal går du over på Grovsøk.

Grovsøk.

I det man får inn signalet stopper man opp, holder søkeren vannrett, og fører enheten fra side til side for å finne ut kva retning det er sterkast signal (Horgen, 2010). Retning og avstand kan lesast av i displayet, og man går i den retninga som enheten anviser så lenge avstandstallet i displayet viser at man nermer seg den skredtatte. I det enheten viser at den skredtatte ligg innanfor ein radius på 2-3m, vil søkeren pipe med ein annan frekvens, og displayet vil endre seg. Då går man over på finsøk (Horgen, 2010).

Finsøk.

Finsøket starter med at man holder enheten like over snøoverflata, gjerne dra handa langs snøoverflata. Man fører enheten på ei linje frå side til side for å finne det sterkaste signalet på første aksen. I punktet på aksen der det er sterkast signal fører man enheten framover og bakover på ein ny akse 90 grader på den første. Slik finner man punktet der signalet er sterkast, og man kan utføre eit spiralsøk med søkestang for å finne den skredtatte (Horgen, 2010). Eit spiralsøk gjennomførast enkelt nok med at man søker med søkestanga i ein spiral, med 20cm mellom kvert punkt 5cm ut for kver runde. når man får funn med søkestang kan man starte utgraving, som er samme metode som uten sender/mottaker.

Tabitha utfører finsøk med S/M
Foto: Are Wergeland

Med mykje god øving og god kontroll på ulike søkemetodar og korleis bruke utstyret, vil både du sjølv og gruppa vere tryggare på tur om det skulle gå eit skred. Dette er noko som er viktig å øve og terpe mykje på, slik at du den gangen det skulle vere ein reel case, vil handle instinktivt og effektivt. Noko som kan utgjere heile forskjellen på anntall minutt den skredtatte ligg i skredet.

Vi hadde óg god kursing i forskjellige lag i snøen med entusiastisk lærer
Foto: Are Wergeland


Litteraturliste.


Horgen, A. 2010. Friluftslivsveiledning vinterstid. Høyskoleforlaget AS

Landrø, M 2002. Skredfare - Snøskred, risiko og redning. Featureforlaget AS




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Første tur! Kano/Kajakk med masse hygge

Klatring på Kvam

Breundervisning Jostedalen