Eigenferd - Turist i eige fylke
Eigenferd - Turist i eige fylke
Foto: Are Wergeland
Vår eigenferd med fokuset "Turist i eige fylke" 25-28. Oktober la vi til Nordfjord med fokuset rundt Loen og turistattraksjonane dei har der. I dette innlegget skal eg ta for meg nokre av tilboda dei har i området der, og drøfte litt kva tiltak dei har gjort, og koleris det er tilrettelagt for besøkande.
Beachen
Beachen er eit etablert klatrefelt rett i utkanten av Loen som først ble oppdaget i 2001 av Vegard Vereide, Asbjørn Moe og Jarle Kalland. Det er eit felt som har blitt omtalt som eit av Noregs "beste" klatrefelt, der du finn stupbratte og lange ruter op gode grep, samt tekniske svaruter. Nesten heile klippa er regntett, men du kan fort oppleve at nokre av dei brattaste rutene nokon gongar trekk til seg fuktigheit i regnvær (Birkeland et. al. 2018).
Klatrefeltet "Beachen" er eit populert mål for sportsklatring.
Foto: Are Wergeland
Loen Skylift
Loen Skylift er ei gondolbane som går frå sjønivå til ein resturant på toppen av fjellet Hoven 1011moh. Gondolen åpna 20. Mai 2017 og har vert eit svært populært destinasjonsmål for mange turistar sidan. Det var eit stort prosjekt å få i gong, men som har gitt stor utvinnig, og er eit turistmål som tillater menneske i alle aldrar og tilstander å komme seg til fjells. Bana er ei av verdas brattaste pendelbaner, der teknologien er basert på vektutligning med to store vogner, der den eine går opp medan den andre går ned (Loen Skylift. 2018).Dei kan også prse seg slik dei ønsker, då det ikkje er noko konkuranse i marknaden, og sjølv i lågsesongen kostar ein enkelttur 375kr for ein person. Eit av tilboda vi fekk testa ut (då studentbudsjett ikkje dekkar tur med bana) var at dei kunne ta med syklane våra for berre 150kr per sykkel. på denne måten kunne vi frakte syklane opp med bana slik at vi hadde noko å sykle ned igjen frå toppen, menst vi prøvde ut eit av dei andre tilboda dei har. Nemleg Via Ferrata. Dette opplevde vi som svært god service, og dei hadde sett syklane trygt under tak på toppen for oss.
Her får syklane haik til topps
Foto: Are Wergeland
Via Ferrata Loen
Via Ferrata Loen er ei tilrettelagt klatrerute frå sentrum av Loen til toppen av fjellet Hoven. Den har tidlegare hatt ei vanskeligheitsgrad frå A til D, men sommaren 2018 har dei komme med ei ny rute som har vanskeligheitsgrad F. Her finn du ulike ruter og grader på veg opp, så klatreruta er noko svært mangen i familien kan klare å være med på, men dei har ei minimum aldersgrense på 12 år, og anbefaler å gå ruta med ein kvalifisert guide (Loen Active. 2018).Det er ein relativt lang tur opp, som dei rekner til 5-6 timar med guide, men som gir svært vakre naturopplevingar. Dei har også to alternative nedfarter, der ei av desse er Loen Skylift, og den andre er ein 12km lang spasertur nedover ein grusveg og langs ein riksveg tilbake til Loen.
Vi gjekk turen med eigen guide, men fekk lite informasjon om nedfartane og alternative stengetider av skyliften, og når vi kom på toppen var liften stengd pga vind. Dette medførte at vi måtte "gå" ned igjen, noko vi heldigvis allereie hadde planlagt, og kunne dermed sykle heile vegen tilbake. Dette hadde vert eit større problem om det var ei gruppe som gjekk på eiga hand, og hadde planlagt å ta liften ned igjen. 12km nedover på grusveg kan være ganske hardt på beina.
Dei har gjort mykje tilrettelegging for å få til Via ferrataen, men med den mengda dei har gjort opparbeidinga nokre plasar kan man ikkje la være å legge merke til manglande opparbeiding andre stader.
Eksempel på god tilrettelegging for bevaring av naturen
Foto: Are Wergeland
Eksempel på meir mangelfull tilrettelegging for ivaretaking av naturen
Foto: Are Wergeland
Før man starter sjølve klatringa har dei sett opp to lengder med wire, som gir ein liten test og opplæring i korleis man skal klatre ruta. Men har var det også litt lite informasjon til grupper som ferdast på eiga hånd, og det var først nokre km lengre oppe vi møtte på eit infoskilt der dei forklarte korleis man skulle oppføre seg i ruta. Hadde ikkje vi gått med guide kunne vi fort rota det til og skada oss før vi nådde infoskiltet.
Foto: Are Wergeland
Den nyaste ruta, som er vanskegrad F fekk vi godt fortalt om i forkant, der han forklarte at om all anna klatring gjekk lett, kunne vi prøve oss på den siste. Alternativt var å følge ei A-gradert rute dei siste 100 høgdemetrane til topps. Så her var det godt nok informert.
Foto: Are Wergeland
Om du ser godt etter, ser du 4 deltakarar i følget jobbe seg oppover vanskeligheitsgrad F
Foto: Are Wergeland
Foto: Are Wergeland
Referanser.
Birkeland, O. K., Brodahl, T., Tellvik, R. (2018). Klatrefører Sogn og Fjordane. Zoom Grafisk ASLoen Active (2018). Via Ferrata Loen. Henta den 29.10.18 frå: http://www.loenactive.no/aktivitetar/sample-page
Loen Skylift (2018). Praktisk info. Henta den 29.10.18 frå:
https://www.loenskylift.no/opningstider-og-prisar
Kommentarer
Legg inn en kommentar