Kystfriluftsliv i Solund

Kystfriluftsliv i Solund

Foto: Are Wergeland


3-6. september var vi i Solund, på besøk til Roar på Litle Færøyna. Der hadde vi læring i klassisk kystfriluftsliv med gamle båtar, og "moderne" kystfriluftsliv i havkajakk. Gruppa mi starta med havkajakk dei to første dagane, og tok kurset Aktivitetsleder havkajakk. Det er dette eg skal ta for meg i dette innlegget.

Havkajakk.

Vær og sjøforhold er i konstant endring, og for å gjere det å legge ut på tur sjølv utan å utdøve ein risiko for seg sjølv eller andre, har Aadland et. al. designa ei sjekkliste. Sjekklista er basert på sutuasjonsbevisstheit og ekspertproblemoppdagelse, vurdering og besluttningstaking, saman med kunnskap om tidlegare hendingar og viktige risikofaktorar i havkajakk (Aadland et. al. 2017).

Foto: Are Wergeland 

Med mykje fokus på sjekklista, skulle vi ta Aktivitetslederkurs hav, etter krava frå Norges padleforbund for våttkort og sikkerheit (Norges Padleforbund. 2018). Gjennom eit aktivitetslederkurs skal deltakaren lære å lære vekk padleteknikkar, og få gode kunnskapar i å leie ei gruppe på vatnet. Når deltakaren har fullført kurset skal han/ho kunne planlegge og gjennomføre introduksjonskurs- og grunnkurs, samt leie klubbturar i skjærma og kjent farvatn (Norges Padleforbund. 2018).

I forkant av kurset hadde vi i oppgåve å loggføre minst 10 turar på eigenhand, og for vår del blei det spesifisert litt ekstra med 5 turar i roleg farvatn og 5 turar i meir åpent og utfordrande sjø. I tillegg skulle alle som deltok på kurset ha fullført både grunnkurs og teknikkurs, og man skulle beherske kamerat- og eigenredning, kunne halde god gruppeoversikt, kunne navigere i skjerma farvatn og ha grunnleggande førstehjelpskurs (Norges Padleforbund. 2018). 
Foto: Are Wergeland

Undervegs i kurset jobba vi med forskjellige moment og delmål. Vi diskuterte og fekk prøve oss i ulike undervisningsmetodar, vi fekk sjølv ansvaret for å organisere ulike aktivitetar, leikar og tilpassningar for ulike personlige behov i deltakergruppa, og vi jobba mykje med navigasjon. Vi jobba også mykje med padleteknikkar og resningar i meir utsatt farvatn, og blei utfordra i å halde roen og kontrollen når det skjedde uhell nær farlege områder. Alle deltakarane hadde med personleg utstyr og sikkerheitstiltak som skulle kunne trengast, og det vart jobba mykje med tauing med taueline for å få kjenne på kroppen kor mykje krefter det vi trekke (Norges Padleforbund. 2018). 

Etter endt kurs hadde kursholder ei evaluering, der han gikk igjennom alt vi hadde jobba med, og konstaterte om deltakarane tilfredstilte krava til teknikk og ledelse før vi fekk godkjent kurs (Norges Padleforbund. 2018).

Turen gav mykje god læring og erfaring, og dei to siste dagane jobba vi mykje med navigering på sjøen, og fekk mykje opplæring i korleis ting vart gjort før i tida. 
Alt i alt var det ein heilt topp tur, som gjer at vi alle sitt igjen med mykje ny kunnskap. 

Foto: Are Wergeland

Foto: Are Wergeland



Referanser:

Aadland, E., Vikene, O. L., Varley, P., Moe, V. F. (2017). Situation awareness in sea kayaking: towards a practical checklist: Journal of adventure education and outdoor learning Vol17 nr3. Henta den 29.10.18 frå https://www.tandfonline.com/doi/full/10.1080/14729679.2017.1313169 

Norges Padleforbund (2018) Aktivitetslederkurs hav. Henta den 29.10.18 frå http://padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/aktivitetslederkurs-hav/ 





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Første tur! Kano/Kajakk med masse hygge

Klatring på Kvam

Breundervisning Jostedalen