Veiledertur


Onsdag 3 til Fredag 5. Oktober arrangerte vi vegleiartur for studenter på B1 og B2. I forkant av turen hadde vi laga ein detaljert turplan som vi saman med gruppa gikk igjennom før avreise. Måla for turen var blandt anna:
Kartkjennskap
- Orientering
- Trivsel på tur
- Mat på bål
- Overnatting utan telt
- Sporlaus ferdsel
- Padleteknikk kano

Det å sette seg inn i ei vegleiarrolle når man reiser på tur med folk man kjenner frå før, kan til tider være vasnkeleg og man bør begynde å tenke etikk. To av fire som var med på vår tur var gode vennar av oss, så vi måtte passe på å være vegleiarar og ikkje kameratar på tur. Dette er tema eg skal drøfte i dette innlegget.


Tørr camp gir trivsel i regnvær
Foto: Are Wergeland


Etikk kort fortalt.

Når man på tur er ein ansvarleg vegleiar, vil man alltid måtte ta etisk riktige beslutningar. Etikk er altså dei avgjæringane man tar i henhold til moral og normer, og det vil være avgjærande kva eit individ ser på som rett og galt. Man må dermed sjå ann gruppa og personane i gruppa før man utfører handlingar og beslutningar man tar, då det varierer kva normer og verdiar som gjeld i miljøet man kjem i frå.
Foto: Siri Solstad

Prinsippiel etikk.

Dei fleste tilnærmingar til etiske beslutninger kan delast i to; Prinsipiell- og dydsetikk. Den prinsipielle etikken følger proaktive reglar som ofte er bestemt av ein styrande organisasjon (Priest & Gass. 2005). Det er basert på at problema og/eller beslutningane man ser på er nokon lunde like, og kan koblast til andre liknande situasjonar. Prinsipiell etikk er å være en profesjonell og etisk vegleiar, uavhengig av situasjon. Og i følge Priest & Gass (2005) ber den prinsippielle etikken deg om å sjå på utsida av situasjonen, for å kunne være objektiv i den etiske avgjæringa.

Dydsetikk

I dydsetikk ser man på dei spesifikke faktorane og innflytelsar i kvar handling. Handlinga skal vere korrekt og isolert frå andre hendingar. Det leggast vekt på å vere ein moralsk vegleiar, der situasjon og hending blir vurdert uavhengig av kvarandre (Priest & Gass. 2005). Priest & Gass (2005) viser til at ein vegleiar må tilpasse seg for å følge dei etiske retningslinjene, og for å vere ein best mogleg vegleiar for akkurat den gruppa han eller ho har med seg. Dei legg og fram eit forkus og eit ønske om å ta mest mogleg vare på naturen (Priest & Gass. 2005).

Foto: Siri Solstad

Det å reise på tur som vegleiar for venner kan altså skape litt vanskeligheiter. Men det er ikkje nødvendigvis eit problem. Setter man klare retningslinjer, og gir tydlege beskjedar kan det vere minst like triveligt å vegleie eller bli vegleia av ein venn. Er det vennar på tur kan det kanskje vere lettare å vegleie etter kvar sine personlege behov, utan å vere usikker på korleis personen vil reagere. Så kanskje er det lettare å stå fram som ein god vegleiar for nokon man kjenner litt, framfor ei heilt ukjent gruppe, så lenge man klarer å halde det proffesjonelt.


Litteraturliste

Gass, M. A., Priest, S. (2005) Effective leadership in adventure programming. Champaign, I11. : Human Kinetics. 2 utgåve











Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Første tur! Kano/Kajakk med masse hygge

Klatring på Kvam

Breundervisning Jostedalen